Electrified vil etablere Måløy som eit knutepunkt for elektrisk tungtransport. På frukostmøtet til Måløy Vekst presenterte Olav Steimler planane om ein elektrisk transportkorridor mellom Måløy og Ålesund.
Måløyterminalen skal vere utgangspunktet for satsinga, med ladestasjon og tilrettelegging for elektriske lastebilar. Målet er å utvikle ei løysing som ikkje berre reduserer utslepp, men som også kan dokumentere miljøgevinsten gjennom heile transportkjeda.
– Dette med truverd vil vere vesentleg, sa Steimler. Han viste til at både kundar og bankar stiller stadig større krav til dokumentasjon av transport og miljøavtrykk.
Electrified har inngått kontrakt på ein elektrisk tungtransportbil frå Windrose. Ifølgje Steimler skal lokal transportkompetanse vere med på å påverke utviklinga og tilpassinga av bilen til vestlandsvegar, vinterføre og behova i næringa.
Satsinga tek først og fremst utgangspunkt i sjømatnæringa, men Electrified ønskjer også samarbeid med andre bedrifter som møter strengare miljøkrav.
– Dette er konkurransekraft for Måløy, det er konkurransekraft for Vestlandet, sa Steimler


