Måløy U40
Måløy U40 er eit nettverk for deg under 40 som jobbar, bur – eller har lyst til å slå rot – i Måløy. Her samlast unge vaksne frå ulike bransjar og bakgrunnar for å bli kjent, dele erfaringar og bygge eit sterkt fagleg og sosialt fellesskap.

Vi arrangerer treff, bedriftsbesøk, inspirasjonskveldar og andre sosiale møteplassar gjennom året – alt med mål om å knyte folk saman og skape eit levande og inkluderande næringsmiljø i regionen.
Enten du er ny i byen, har flytta heim att, eller alltid har vore her – Måløy U40 er plassen der du møter andre som også vil vere med og forme framtida for Måløy.