Denne teksten vart sendt inn som høyringsinnspel i saka om tilbodsstrukturen i dei vidaregåande skulane i Vestland fylke. Høyringsinnspelet er signert av Ungt Nettverk Måløy.
Som unge vaksne som har valt å busette oss i distriktet, er vi djupt bekymra over Vestland fylkesadministrasjon sitt forslag til tilbodsstruktur ved dei vidaregåande skulane i fylket. I forslaget som no er ute på høyring vil ein kutte over 100 elevplassar ved Måløy vidaregåande skule. Eit slikt kutt vil ikkje berre være øydeleggande for skulen, men det vil òg vere eit effektivt avfolkingstiltak både for Måløy og omkringliggande bygder.
Ungt Nettverk Måløy består av heimflyttarar, tilflyttarar og innbyggjarar i Måløy og omland mellom 20 og 40 år. Vi er opptekne av å bu i eit levande lokalsamfunn med tilbod innan utdanning, jobb og fritid for alle aldersgrupper. Derfor vart Ungt Nettverk Måløy starta – med ønskje om å skape aktivitet og møteplassar, utvikle oss sosialt og fagleg, samt å synleggjere aktivitetar og tilbod som allereie eksisterer i området. Målet er å sikre trivsel og bu-lyst i Måløy-området for noverande og framtidige unge vaksne innbyggjarar. No slår vi i Ungt Nettverk Måløy ring om tilboda ved Måløy vidaregåande skule som utgjer ein viktig faktor for framtida i vårt lokalsamfunn.
Trivsel og framtidsperspektiv
Eit godt og variert tilbod ved Måløy vgs. er avgjerande for folketalsutviklinga og bustadsattraktiviteten i Måløy. Elevar heilt ned i 15-års alderen risikerer å måtte bu på hybel eller reise urimeleg langt for å studere det dei ønskjer, noko som vil skape ein uheldig dominoeffekt i lokalsamfunnet vårt.
Fleire kultur- og fritidstilbod til born, og lågterskeltilbod til vaksne og eldre, er avhengige av ungdommar i 15-19-års alderen, både som tilsette, frivillige og deltakarar. Handelsnæringa, restaurant- og serveringsbransjen og helse- og omsorgstenester vil miste verdifulle unge deltidsmedarbeidarar og gjere ein utfordrande rekrutteringssituasjon enda verre. Å gjere så drastiske kutt i det lokale utdanningstilbodet til våre unge innbyggjarar vil kunne føre til øydelegging av tilbod elles i lokalsamfunnet og mindre trivsel.
Næringsliv og framtidige arbeidsplassar
Noverande tilbod ved Måløy vgs. er svært tilpassa behova til det lokale næringslivet, noko som er sikra gjennom tett samarbeid over lang tid. Engasjementet frå næringslivet legg eit sterkt grunnlag for elevane sine moglegheiter i arbeidslivet og rekruttering til næringslivet.
Elevar ved skulen i dag, framtidige elevar og ungdommens kommunestyre i Kinn har alle uttalt seg i denne saka. Dei er tydelege på at dei ikkje ønskjer verken å flytte på hybel, eller pendle til nærmaste skule. Det er under den vidaregåande skulegangen at elevane får ei tilknyting til heimplassen sin, lag og organisasjonar, og lokalt næringsliv. Denne tilknytinga er med på å forme framtidige val om kvar ein ønskjer å busette seg. «Det er her vi bygger relasjonar og grunnlag for korleis livet vårt vil sjå ut» seier elevar ved studiespesialisering i Måløy til Fjordenes Tidende.
Å fjerne spesielt dei studieførebuande utdanningsprogramma vil sørgje for at fleire familiar vel å flytte frå Måløy med omsyn til sine born for at dei skal ha moglegheit til å gå eit vidaregåande løp som gjer dei godt rusta til høgare utdanning. Eit desentralisert utdanningstilbod med studieførebuande program tilgjengeleg i distriktet må prioriterast for å sikre ei positiv folketalsutvikling og vekst i næringslivet i framtida.
Godt og variert tilbod i dag
Fylkesadministrasjonen foreslår å kutte studiespesialisering, TAF/YSK-linjene og restaurant- og matfag ved Måløy vgs.
Studiespesialisering er avgjerande for å sikre ein god kjønnsbalanse i skulen og i næringslivet. Lokale bedrifter rekrutterer tidlegare elevar frå denne linja til viktige kompetansearbeidsplassar. Gjennom tett samarbeid bygger skulen sterke relasjonar mellom elevane og lokale bedrifter.
TAF/YSK-linjene sikrar både fagbrev og spesiell studiekompetanse for elevane, noko som gir verdifull kompetanse for vidare utdanning og arbeidsliv. Å investere i desse løpa er å investere i framtidig arbeidskraft, trivsel og gjennomføringsevne for elevane. YSK Akvakultur er særleg viktig for grøn omstilling og verdiskaping i havbaserte næringar på kysten.
Restaurant- og matfag er viktig for omstilling og rekruttering til ei veksande reiselivsnæring i regionen. Ein ser også eit stort behov for kokkar og servitørar i servicebransjen på nasjonalt nivå. Å legge ned eit utdanningstilbod som sikrar denne kompetansen vil føre til mindre kompetent arbeidskraft innan blant anna service og reiseliv, som igjen vil svekke tilbod for befolkninga. Låge søkartal til linja er ikkje ei lokal utfordring, men eit bransjeproblem som viser seg igjen i søkartal på nasjonalt nivå.
Ei lys framtid i Måløy
I dei kommande åra skal Kinn kommune investere om lag 500 millionar kroner i offentlege prosjekt som vil gi oss ein ny barneskule, ei flott og tilrettelagt sentrumsgate, samt betre infrastruktur. Steinmassane frå Stad Skipstunnel vil bidra til utvikling av fleire arbeidsplassar og vekst i næringslivet. Private byggentreprenørar legg til rette for flotte nye bustadfelt fleire stader i området.
Måløy-området er i dag ein god og trygg stad å bu og jobbe på. No ligg også alt til rette for at det skal bli enda betre. I Ungt Nettverk Måløy er vi over 140 medlemmar som alle har investert i ei framtid i Måløy-området. No er det viktig at også våre folkevalde i Vestland fylke vel å investere i ei framtid i Måløy ved å oppretthalde eit variert og desentralisert utdanningstilbod ved Måløy vidaregåande skule.
Brevet er signert av
Ungt Nettverk Måløy