UN Måløy i gong for 2024

Fredag 2. februar arrangerte vi Kickoff for Ungt Nettverk Måløy i 2024 med mingling og miniworkshop på Kadaver i Måløy. Under arrangementet heldt vi ein mini-workshop der dei deltagande i gruppevis svarte på spørsmål om kva dei kan tenkje seg å få ut av UN Måløy og kva typar arrangement dei ønskjer seg for året vidare. Vi ønskjer å takke alle som deltok for ein kjekk kveld og mange gode forslag!

Vidare vil ressursgruppa for UN Måløy gå gjennom forslaga vi fekk inn under Kickoff-arrangementet og planlegge fleire kjekke arrangement utover året. Sit du på idear til kva typar arrangement du kan tenkje deg eller spesielle ønskjer til fagleg innhald? Send ein e-post til seline@maloyvekst.no!

Vil du ha informasjon om framtidige arrangement og andre ting som bevegar seg i Ungt Nettverk Måløy? Meld deg inn i nyhetsbrevet HER!