100% vikariat som miljøarbeidar innanfor yrkesfagleg studieretning

Arbeidsgjevar: Måløy vidaregåande skule
Arbeidsstad: Deknepollen

Søknadsfrist: 15. juni

Måløy vidaregåande skule har om lag 80 tilsette og 350 studieplassar fordelt på utdanningsprogramma: studiespesialisering, bygg- og anleggsteknikk, naturbruk, helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, teknikk- og industriell produksjon, IKT og medieproduksjon og YSK (yrkes- og studiekompetanse). Skulen har også eit eige sikkerheitssenter (SIM), som tilbyr ei omfattande bredde kurs for maritim sektor.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging, rettleing og støtte for elevar i og utanfor undervisning i samarbeid med
    lærarar og avdelingsleiar

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant utdanning
  • Du trivst med, og har erfaring frå arbeid med barn/unge med spesielle behov

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Meistre å jobbe i ein hektisk kvardag med varierte arbeidsoppgåver
  • Stabil, strukturert og trygg på deg sjøl
  • Fleksibel, tålmodig, bestemt, raus og omsorgsfull
  • Positiv til faglig påfyll, rettleiing, observasjonar og samarbeidsmøter
  • Evne til å skape gode relasjonar til elevane

Vi tilbyr

Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver. Eit godt arbeidsmiljø med hyggelege og utviklingsorienterte kollegaer. Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland Fylkeskommune sin lønspolitikk. Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset nyare politiattest. Stillinga har seks månader prøvetid. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25,2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.

Kontaktinformasjon

Ellen Jåvold, rektor, +47 40031715