Studiesenter Kysten

Studiesenter Kysten er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane Kinn, Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Høyanger.

Hovudformålet til studiesenteret er å initiere, koordinere og administrere utdanningar og kompetanseaktivitetar for kommunane som har redusert tilgang til utdanning. Arbeidslivet skal få tilgang til relevant kompetanse som fremmer deira produksjon. Studiesenter Kysten vil ha fysiske læringsfasilitetar i kvar kommune. I Kinn kommune blir det læringsfasilitetar både i Måløy og Florø. Desse læringsarenaene kallar vi utdanningshubar. Studiesenter Kysten vil tilsette fem fasilitatorar som skal fasilitere kompetanse og koordinere kompetanseaktivitetar. 

«Gjennom Studiesenter Kysten kan alle i Måløy ta høgare utdanning utan å måtte flytte frå Måløy. Utdanningane kan gjennomførast ved å kombinere arbeid og utdanning», seier prosjektleiar for Studiesenter Kysten, Reidar Grønli.