Bles liv i idear gjennom animasjon og 3D design

  • Kunden får ein betre relasjon til eit produkt når det blir sett inn i eit miljø, fortel dagleg leiar i Nordwest3D, Per Kåre Våge.

Dei tilsette i selskapet jobbar dagleg med å lage visualiseringar og animasjonar av idear og produkt som kundane deira ønskjer å gjere til verkelegheit. Tenestene deira er alt i frå 3D-design og modellering til fotomontasje, produktutvikling, visualisering og animasjon.

  • Det er viktig å få realistiske visualiseringar av produkt for å kunne marknadsføre dei til potensielle kundar, seier Våge.

Spennande prosjekt i porteføljen

Nordwest3D har kundar frå heile landet, og har etter kvart også fått ein bra kundebase i utlandet.
Oppdraga er alt i frå små til store prosjekt, både for enkeltpersonar med ein spennande ide og større ingeniørbedrifter som skal realisere kostbare prosjekt. For tida er nye konsept for vindmøller svært populære.

  • Vi lagar for det meste illustrasjonar og animasjonar av skip, offshore installasjoner og lignande, fortel Våge.

I dag har dei tre tilsette i bedrifta. Per Kåre og Jannike Våge held til på kontoret i Måløy sentrum, medan Tore Sollid jobbar frå Trondheim. Alle tre jobbar med alle typar prosjekt innanfor 3D-design, men har sjølvsagt sine favorittområde.

  • Eg og Tore likar nok best tekniske animasjoner og nyutvikling, medan Jannike kanskje er litt meir glad i hus og interiør, seier den daglege leiaren.

Sjølv om mesteparten av prosjekta dei jobbar med er visualiseringar knytt til det maritime, har dei også oppdrag for til dømes bustadutviklarar.

Illustrasjon av Bryggen Panorama i Måløy, seinare utvikla av UNU AS.

Ikkje berre teikning

Blant kundane til Nordwest3D finn ein også Måløyraidsenteret og Sunnmøre Museum. 
På middelaldermuseet i Borgund kan ein finne 3D-animasjonar som viser korleis byen såg ut under mellomalderen og korleis den utvikla seg mellom år 900 og 1200.

  • Dette prosjektet brukte vi fleire månadar på å fullføre. Her har vi jobba med detaljer i lag med Sunnmøre museum for å gjengi det så korrekt som mogleg, fortel Våge.

På Måløyraidsenteret finn ein også fysiske modeller produsert av bedrifta. Blant anna har ein gjenskapt hovudet i 3D av den britiske offiseren og Måløyraid-helten “Mad Jack”, samt laga bakgrunnen av korleis raidet kan ha sett ut fra Moldøen.