Fekk lære meir om det lokale utdanningstilbodet og konsekvensar kuttforslaget kan få for næringslivet

Onsdag 10. april tok representantar frå både hovedutvalet for opplæring og kompetanse, hovedutvalet for næring og fylkesutvalet i Vestland fylkeskommune turen til Måløy vidaregåande skule. Fylkespolitikarane fekk både omvisning på skulen, møte elevar og tilsette, samt høyre innspel frå næringslivet om kvifor forslaget om å kutte både studiespesialisering, TAF/YSK-linjene og restaurant og matfag ved skulen kan få store konsekvensar for folketalsutvikling, rekruttering og næringsutvikling, og ikkje minst våre unge innbyggjarar si framtid.

  • Kvifor er eg nervøs i dag når eg vanlegvis ikkje er nervøs for å snakke framfor folk? Fordi dette betyr så mykje, seier leiar i LocalHost, Sindre Kvalheim.

Under siste del av programmet for dagen fekk både Kinn kommune og næringslivsaktørar moglegheiten til å snakke om kvifor dei utsette linjene ved skulen er viktige for både næringslivet og lokalsamfunnet elles. Desse stod på talarlista: Måløy Vekst, tidlegare elev ved TAF Akvakultur, Vågsøy ungdomsskule, kommunedirektøren på vegner av ordføraren i Kinn, helsesektoren i kommunen, Fagskuleni Måløy, Coast Seafood, Selstad, MOWI, Skipskompetanse, Fiskevegn, LocalHost, Fjord Shipping og Fjord Services.

Bodskapen frå både privat og offentleg næring var tydeleg på at samfunns- og næringsutviklinga som skjer i Måløy er viktig for at Vestland skal nå sine mål om grøn omstilling.

  • Ikkje motarbeid verdiskapinga som skjer her, men jobb saman med oss om utviklinga vidare, uttalte sals- og marknadssjef i Selstad, Marit Selstad.

Fylkespolitikarane viste stort engasjement og uttrykte takksemd for å få besøke skulen og få direkte kontakt med lokalt næringsliv.

  • Ein desentralisert skulestruktur er avgjerande om vi skal oppretthalde verdiskapinga som skjer langs kysten, uttalte eit utvalsmedlem.

Politikarane forstod bekymringane til alle dei møtte gjennom dagen, og at delar av talgrunnlaget for kuttforslaget manglar. Særleg med tanke på elevar utanfor kommunen som har kort reiseveg til skulen i Måløy og ser på dette som sin lokale vidaregåande skule. Dagleg leiar i Fiskevegn, Magne Fure, fryktar at fleire elevar på Flatraket og i Selje vil måtte flytte på vekk på hybel for å ta den vidaregåande utdanninga dei ønskjer.

  • Om ungdommen reiser vekk på skule så melder dei seg kanskje inn på treningssenter der dei studerar og då blir det kanskje ikkje driftsgrunnlag for dette tilbodet i Selje. Det går også utover lokale kultur- og idrettstilbod at ungdommen forsvinn og ikkje deltek, seier han.