Fokuserer på kostnadseffektive bustadar til fleire og lokal sysselsetting

Sølvberg Bygg er eigentleg eit selskap frå Stryn, men med avdeling i Måløy. Konsernet er ein del av Blink Hus-kjeda og på avdelinga i Måløy består hovudaktiviteten av salg og oppføring av bustader og hytter frå Blink Hus sin katalog, samt utvikling av eigedom.

  • Vi jobbar med alle typar hus, både moderne, tradisjonelle, og kundane sine eigne idear som dei kjem til oss med, fortel Roger Rimstad, avdelingsleiar i Blink Hus Måløy.

Lokal rekruttering og sysselsetting

I dag er dei to personar på avdelinga i Måløy, Roger Rimstad som er avdelingsleiar og Bjørnar Hals som er byggeleiar.

  • I tillegg sysselset vi 10-15 personar i Nordfjord i byggebransjen jamnt over, seier Rimstad.

Bedrifta har faste samarbeid med lokale handtverkarar som dei leiger inn på fast basis.

  • Det er viktig for oss at vi nyttar oss av lokal arbeidskraft, og det er noko vi merkar at også kundane våre set pris på.

Dei er også opptekne av å rekruttere lærlingar frå bygg- og anleggslinja til Måløy Vidaregåande skule til lokale handtverksbedrifter.

  • Vi har eit tett samarbeid med våre underentreprenørar om dette og stiller opp på fagdagar og samarbeidar godt med skulen om dette, seier Hals.

Tøff marknad

På grunn av ein tøff økonomisk situasjon for mange for tida har investeringar i bustadar gått kraftig ned. Det har også Blink Hus Måløy fått kjenne på. I dag ligg to-tre bustadkontraktar usignerte i ein skuff på grunn av manglande finansiering.

  • Det er klart at det er tøffe tider for bransjen no, men vi har eit solid konsern i ryggen og ligg på eit stabilt nivå med 2 einebustadar på veg opp og ein bustad der vi straks skal i gong med grunnarbeidet.

Dei er sikre på at det vil byrje å lysne for bransjen no som renta truleg vil stabilisere seg og det stadig er eit behov for bustadar.

  • Vi har hatt fleire spennande prosjekt dei siste åra og no skal vi snart i gong med eit nytt prosjekt på Ivahavet. Her skal vi bygge kostnadseffektive leiligheter med to til tre soverom, fortel Rimstad.

Tidlegare har dei hatt større bustadsprosjekt på Furutoppen i Holvik, Lyngskogen-tunet i Øvre Okshola og leilighetsbygget Sjøkanten i Hatlevika.