Linda MacDonald skal arbeide med prosjektet «Måløy Ocean Hub», og er tilsett som prosjektleiar av Måløy Vekst.
Linda MacDonald, som kjem frå Torshavn på Færøyene, har ein mastergrad i kommunikasjon og psykologi frå Roskilde Universitet i Danmark. Ho har lang erfaring med marknadsføring og prosjektleiing, har hatt sitt eige firma som nettstadsutviklar og har arbeida med marknadsføring for fleire selskap i Torshavn, står det i pressemeldinga frå Måløy Vekst.
– Linda har lang erfaring som prosjekt- og marknadsføringsleiar. Ho er veldig kreativ og løysingsorientert, og passar godt inn i miljøet til Måløy Vekst. Eg er veldig glad for at vi har fått Linda på plass slik at Måløy Vekst kan spele ei enda større rolle for å skape vekst og utvikling i kommunen vår, seier dagleg leiar i Måløy Vekst, Randi Humborstad.
Prosjektet «Måløy Ocean Hub» har som føremål å utvikle Måløy til ein attraktiv studentby og skape eit dynamisk og innovativt miljø i Måløy sentrum. Ved å etablere ei slik klynge ønskjer Måløy Vekst at gründerar og små bedrifter blir del av eit stimulerande fagmiljø som gir sterkare utviklingskraft. Målsetjinga er å skape eit innovativt miljø der bedrifter og forsknings- og utviklingsmiljø bidrar til å vidareutvikle eksisterande og nytt næringsliv, gjennom knoppskyting og nyetableringar.