Matros i sambandet Måløy-Oldeide-Husevågøy 

Søknadsfrist: 7. mai

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Vi søker etter ein matros til sambandet Måløy-Oldeide-Husevågøy, p.t. MF Hornelen.

Her går mannskapet døgnskift-turnus; 2 veke på, 1 veke av, 2 veke på, 3 veker av. Døgnskift med langhelg, der du har fri 3 av 4 helger. Døgnskift gjer at du bør bu maks ein time unna for å unngå lang reiseveg.

I denne stillinga jobbar du med dyktige og kjekke kollegaer, i eit selskap med gode karrieremoglegheiter.

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!

Arbeidsoppgåver

  • Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
  • Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
  • Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
  • Oppgåver knytt til alarminstruks
  • Verne- og miljøarbeid
  • Kundehandsaming

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev matros eller nok fartstid til å mønstre matros
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Båtmannsertifikat

Personlege eigenskapar

  • Godt humør
  • Evne til å arbeide tett med mennesker over tid
  • God til å kommunisere
  • Serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjømannsforbund
  • Døgnskift med turnus:  2 veker på 1 veke av 2 veker på 3 veker av. 
  • Hybel er tilgjengeleg.
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
  • Gode velferdsordningar

Kontaktinformasjon

Siv Mette Furnes, Bemanningskoordinator, +47 95700962