Næringslivet i Måløy ber fylkespolitikarane om å stoppe høyringsframlegget om ny vgs.-struktur 

Til: Hovudutval for opplæring og kompetanse, Hovudutval for næring og Fylkesutvalet i Vestland fylkeskommune

Eit arbeidsutval har nyleg lagt fram eit forslag til kutt i den vidaregåande skulen i fylket på totalt 700 elevplassar. I Vestland fylke har ein heile 41 vidaregåande skular. Likevel har man foreslått at over 100 elevplassar, om lag 16% av det totale kuttet, skal ramme 1 skule: Måløy vidaregåande skule.

Næringslivet i Måløy stiller seg uforståande til forslaget som er lagt fram og finn det rett og slett provoserande. Måndag 11. mars møtte 37 representantar frå lokalt næringsliv til eit møte om denne saka for å mobilisere til ei felles strategisk tilnærming. Alle stiller seg bak det faktumet at forslaget som er lagt fram er ein alvorleg trussel mot næringsutvikling, befolkningsutvikling, bulyst og trivsel. Både studiespesialiserande, TAF/YSK og restaurant og matfag bidreg i betydeleg stor grad til rekruttering og næringsutvikling i vårt lokalsamfunn. Næringslivet i Måløy fryktar alvorlege konsekvensar ved så store kutt av elevplassar ved Måløy vidaregåande skule. 

Å realisere framlegget frå arbeidsgruppa vil vere eit direkte avfolkingstiltak for Måløy. Næringslivet erfarer at elevar og foreldre vil i større grad flytte vekk for utdanning og at rekruttering til bedriftene vil verte alvorleg krevjande i ein allereie vanskeleg tid med mangel på arbeidskraft. Kutta er ei rasering av eit velfungerande tilbod og vil kneble lokal næringsutvikling og folketalsutvikling. 

Studiespesialiserande er avgjerande for rekruttering til næringslivet etter end høgare utdanning, særleg til kompetansearbeidsplassar. Skulen har oversøking til denne linja, som er ein av grunnpilarane til skulen og avgjerande for brei kompetanse til fellesfaga. Lokalt næringsliv rekrutterer stadig nøkkelpersonar til sine organisasjonar frå tidlegare elevar ved denne linja.

Kutt av TAF/YSK-tilbodet vil vere dramatisk for rekruttering til helse og omsorg i vår del av kommunen, samt industribedrifter og marine næringar. TAF/YSK-elevane bidreg til viktig verdiskaping i sine lærebedrifter frå første dag og i alle fire åra utdanninga varer. Kutt i TAF/YSK Akvakultur vil i praksis føre til at dette utdanningstilbodet vert ikkje-eksisterande i Vestland fylke. Gjennom Vestland fylke sitt samarbeidsprosjekt Grøn region Vestland har Måløy vert tildelt Marin biohub Måløy, med satsing på marine næringar. Korleis ein skal satse på desse næringane utan tilgang på lokal arbeidskrafter ikkje til å forstå. 

Måløy vidaregåande skule er den einaste vidaregåande skulen i Nordfjord som tilbyr restaurant og matfag, trass i at dette er ei næring som skrik etter arbeidskraft. At søkartala er låge er ikkje ein lokal, men ein nasjonal trend. Likevel klarer Måløy vgs. å ha tilnærma lik størrelse på klasser som ved andre skular med tilbodet i Sogn og Fjordane, sjølv om desse skulane har større befolkningstal i sitt omland. 

Arbeidsgruppa har ikkje svara på bestillinga frå Hovudutvalet

Når vi les bestillinga frå fylkesutvalet til arbeidsgruppa, stiller vi oss enda meir uforståande til forslaga som er lagt fram for kutt ved Måløy vgs.

«1. Fylkesutvalet gir fylkesdirektøren mandat til å lage ein ny heilskapleg plan for tilbodsstruktur i Vestland fylkeskommune. Planen skal bygge på vedtekne prinsipp for tilbodsstrukturen. Planen skal vise ulike alternativ for tilbodsstrukturen i Vestland».

Vi kan ikkje sjå at det er lagt fram fleire alternativ for tilbodsstrukturen til forslaget som er kome for Nordfjord. Manglande alternative løysing til tilbodsstrukturar gjer det vanskeleg for politikarane å vurdere ulike løysingar og ulike konsekvensar av tiltaka. Dette avgrensar det politiske skjønnet betydeleg. 

Vi stiller også spørsmål ved om framlegget til arbeidsutvalet svarer til kriterias om var lagt ned for arbeidet med omstruktureringa:

«sikre at tilboda i størst mogleg grad er komplementære mellom skulane i elevane sitt bu-og leveområde, dette omfattar eit auka samarbeid mellom skulane for å styrke tilbodet til elevane»

Det er på ingen måte «føremålstenleg» å transportere elevar frå Måløy til Nordfjordeid for å gå på studiespesialiserande. Ein reiseveg på 2 timar og 20 minutt for elevar som har ein vidaregåande skule i sitt lokalsamfunn er så langt i frå optimalt ein får det, og det gjeld ikkje berre elevane frå Måløy. Gløym ikkje at Måløy vgs. rekrutterer mange elevar frå både Selje, Stadlandet, Vanylven og Bremanger som vil få ein så stor auke i reisetid at å flytte heimanfrå vert eit langt meir attraktivt alternativ. Og resultatet vert så fråflytting som følge av dårlegare tilknyting til sin heimstad, dårlegare rekruttering til næringslivet som tilbyr deltidsarbeid, mindre arbeidserfaring for ungdommen, og til slutt avfolking.

«samle fagtilboda der det er føremålstenleg, slik at ein sikrar sterke fagmiljø og ei effektiv utnytting av areal og utstyr. Dette vil gjelde i større grad der det er små reiseavstandar mellom skulane og tilboda»

Som nemnt over, det er ikkje kort reiseveg frå ytre til indre del av Nordfjord. Berre sjekk bussrutene – det er ikkje ein gong per i dag god nok bussforbindelse frå Selje til Nordfjordeid som gjer at elevar kan bu heime og gå på skule på Nordfjordeid og framleis ha ein forsvarleg balanse mellom skule og fritid. Måløy vgs. har nyleg hatt ein større rehabilitering av bygningsmassen som sørgjer for gode fasilitetar og framifrå læringsforhold. Studiespesialiserande er ein bærebjelke ved Måløy vgs. som sikrar eit godt tilbod i fellesfaga på tvers av studielinjene. Å stele tilbodet frå skulen og gje det til Eid vgs. vil på ingen måte styrke noko fagmiljø. Det vil svekke miljøet ved skulen i Måløy betrakteleg, samt vere øydeleggande for fellesfaga ved studietilboda som vert igjen på skulen.

Eit grunnleggande premiss for tilbodsstrukturen bør være elevane sine val. Når heile 341 elevar har søkt seg til tilbod på Måløy vgs. som førsteval for skuleåret 2024/2025, så er det uforståeleg korleis ein kan fagleg grunngje å redusere elevplassane til 285 frå skuleåret 2025/2026. Administrasjonen bør legge fram faglege grunngjevingar for korleis det styrkar utdanningstilbodet for elevane å tvinge dei til å gå på andre skular enn dei ynskjer.

Vi vil oppmode hovudutvalet for opplæring og kompetanse til å sjå på bestillinga de sjølve har sendt til arbeidsgruppa og vurdere om bestillinga og resultatet eigentleg heng saman. Det klarer ikkje vi å sjå at det gjer. 

Framlegget til arbeidsgruppa har allereie sett lokalsamfunnet i ein skadeleg limbo. Usikkerheita rundt skulen si framtid er allereie destruerande for rekruttering til næringslivet som opplever at potensielle arbeidstakarar og heimflyttarar er avventande med tanke på situasjonen som har oppstått for Måløy vgs. Og fram til avgjerda er tatt vil usikkerheita vere svært avgjerande for rekrutteringa av både lærarar og elevar til Måløy vgs. Måløy vgs. er den vidaregåande skulen i vår region som har høgst søkartal, størst oppfyllingsgrad, best fullføring av studieløp og eit betre resultat i elevundersøkingar enn dei fleste skulane i Vestland. Næringslivet i Måløy opplever tilbodet ved skulen som svært godt tilpassa lokalt og regionalt næringsliv. 

Brevet er signert av Kinn kommune og 65 bedrifter i Måløy regionen:

  • Måløy Vekst AS
  • Kinn kommune
  • Måløy Adventure AS 
  • Måløy Byforening AS
  • Babord Group
  • Selstad AS
  • Domstein AS
  • Stadyard
  • Star Seafood
  • Ervik Havfiske Gruppen
  • AS Fiskevegn
  • Best Fishing Gear AS
  • Toyota Nordfjord & Førde AS
  • LocalHost
  • Ulvesund Elektro
  • Coast Seafood
  • Fjord Shipping
  • Fjord Services
  • UNU AS
  • EasyForm AS
  • Sea Technology
  • Brothers AS
  • Båtbygg AS
  • Skipskompetanse
  • Mhservice
  • Gravferdshjelpa Nordfjord AS
  • NetPartner AS
  • Stormbygg AS
  • Maskinentreprenør Jimmy Nore & Sønn
  • Stadt Towing Tank AS
  • Ocean Electronics
  • Måløy Treningssenter
  • Måløy Seafood
  • Måløy Stormarked
  • Fagmøbler Måløy
  • Sports Måløy
  • Bil Body AS
  • Skibenes & Søn AS
  • Sentronik AS
  • Verlo AS
  • Husevåg Rør AS
  • Dragebygg AS
  • Bring Cargo AS, avd. Måløy
  • Vest Industrivask AS
  • VYRD AS
  • Whereby
  • Sætren AS
  • Nordvestvinduet AS
  • OFS Måløy AS
  • Ontec AS
  • RMA invest AS
  • DVI Service
  • Andreassen Sales
  • Betongsaging Nordfjord
  • NORDWEST3D
  • Ecobait AS
  • Isovent AS
  • Koda Group
  • Sølvberg Bygg (BlinkHus Måløy)
  • Bygg & Boligmarkedet AS
  • Advokatfirmaet Angelshaug & Co
  • Stadt Elektro
  • Vest-Norges Fiskesalslag
  • MOWI
  • Geir Sandal A/S
  • Frequency
  • Ervik Seafood
  • Svanøy Havbruk
  • Steinvik Fiskefarm