Uttalelse om kystvegen Måløy- Florø, fylkesveg 614 Svelgen-Indrehus

Del dette INNLEGGET

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin
Share on pinterest
Share on print
Share on email

Om Måløy Vekst og Flora Industri- og Næringsforening

Til saman representerer Måløy Vekst og FIN rundt 150 medlemsbedrifter og aksjonærar langs kysten, hovudsakleg i Kinn kommune.

Næringslivet i regionen, representert ved ca. 80 bedrifter, og Kinn kommune er aksjonærar/eigarar i Måløy Vekst. Selskapet skal vere eit serviceselskap for næringslivet, informere og legge til rette for ny verksemd og infrastruktur, gje gründere veiledning, samt vere ein møteplass for næringslivet og kommunen. I tillegg ynskjer Måløy Vekst å bruke sin tyngde i politiske prosessar der det er hensiktsmessig, og då spesielt med fokus på å drive fram ein positiv nærings- og samfunnsutvikling.

Flora Industri og Næringsforening har 71 medlemsbedrifter, og har som mål å arbeide for industriutvikling, næringsutvikling og innovasjon i Kinn kommune. FIN skal koordinere og fremje medlemmane sine synspunkt på område av felles interesse. FIN skal vere ein møtestad for utveksling av erfaringar og nye idear.

Fv 614 Svelgen-Indrehus må realiserast snarast

For utviklinga av næringslivet langs kysten, så er det heilt avgjerande at kystvegen frå Måløy, via Svelgen, til Florø, vert realisert; og at ein no ikkje utsett realiseringa av første prosjekt som er fv 614 Svelgen-Indrehus. Prosjektet hadde i tillegg førsteprioritet i Sogn og Fjordane sin regionale transportplan 2018-2022.

 

Ein styrka infrastruktur langs kysten vil betre tilgangen til arbeidskraft, knyte saman fagmiljø, sikre lågare transport- og produksjonskostnader, auke veksten og lønnsemda i bærekraftige framtidsnæringar, samt bidra til lågare utslepp gjennom betra tilgang til hamner for å få gods over frå veg til sjø.

 

Kystvegen Måløy-Florø knyter saman kommunane Stad, Kinn, Bremanger og Sunnfjord til ein felles bu- og arbeidsmarknad på ca. 50.000 innbyggjarar. Det er det enkeltprosjektet i tidlegare Sogn og Fjordane som har desidert størst effekt på utvikling av større bu- og arbeidsmarknader, då det knyt saman nær halvparten av alle innbyggjarane i det tidlegare fylket.

 

Næringslivet langs kysten har i mange år framheva viktigheita av kystvegen, og kva det betyr for vidare vekst og utvikling på kysten. På vegne av eit samla næringsliv ber vi no om at fylkespolitikarane ikkje utsetter oppstarten på fv614 Svelgen-Indrehus.

 

Vi vil og peike på «Regional strategisk plan for kysten», som fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok i juni 2018. Planen sitt hovudmål er å skape «ein kystregion som er attraktiv, med folkevekst, vekst og berekraft i næringslivet og fleire gjestande». Planen inneheld fire satsingsområder, blant anna «knyte saman kysten med betre infrastruktur» og «auka skaparkrafta og evna til nyskaping». Dette er målsettingar som bør forplikte politikarane til å handle, og bidra til den utviklinga dei sjølv har vedteke at dei ynskjer.

 

 

Næringslivet er inne i ei krevjande tid grunna covid-19. I ei undersøking som nyleg er gjennomført blant 874 entreprenørar oppgjev 56 prosent at pandemien og smittevernstiltaka har medført negative økonomiske konsekvensar for eiga verksemd. Og 34 prosent av entreprenørane beskriv eigen oppdragsmengd som, «dårleg»/»svært dårleg». Om ikkje oppdragsmengda tek seg opp framover, vil det føre til tap av arbeidsplassar og konkursar.

 

Prosjektet på fv614 er av ein størrelse og omfang som gjer det attraktivt for norske entreprenørar, og kan medføre viktige oppdrag og sikring av norske arbeidsplassar og bedrifter i den krevjande tida vi har framføre oss.

 

Vi oppmodar på det sterkaste politikarane i finansutvalet om å ikkje følgje tilrådinga om å leggje til grunn eit vidare budsjett og økonomiplanarbeid der fv614 Svelgen-Indrehus er teken ut. Dette vil skape usikkerhet og forseinke prosessane som skal til for å halde optimal framdrift på både dette og kommande prosjekt på kystvegen Måløy-Florø.

 

Vi har ei forventning til at Vestland fylke løfter kommunikasjon langs kysten høgare i prioriteringane i åra framover, då kysten frå Bergen og nordover i liten grad får positive lokale og regionale effektar av riksveginvesteringar. Dette vil være heilt avgjerande for konkurransekrafta til næringslivet, og sikre vekst og verdiskaping i åra framover.

 

 

Med helsing

 

 

Randi Humborstad                                          Bjørn Hollevik

Dagleg leiar                                                     Leiar

Måløy Vekst                                                   Flora Industri- og næringsforening