På eitt år har bedrifta sikra seg at tre tidlegare lærlingar har “vendt heim”

  • Det er ikkje berre berre å få tak i dyktige fagfolk, seier dagleg leiar på Isovent, Wictor Svoren.

I løpet av eitt år har bedrifta tilsett heile tre fagarbeidarar som tidlegare hadde si læretid i Isovent før dei flytta vekk og anten studerte eller jobba og fekk erfaring i andre bedrifter. Dei tre er Karl Oscar Volle, Runar Vedvik og Torstein Volle.

Bedrifta har tidlegare opplevd at det kan vere utfordrande å få tak i fagfolk med rett kompetanse, og særleg når det gjeld unge arbeidstakarar.

  • No har vi klart å opparbeide oss ein ung arbeidsstokk med fagbrev og vi har vore svært heldige med rekrutteringa, seier Svoren.

Eit grønt skifte og eit generasjonsskifte

Bedrifta jobbar stadig med å utvikle seg innanfor sine fagområder og ser heile tida mot framtida.

  • Vi jobbar mykje meir med inneklima, då dette er noko folk har blitt meir opptekne av, samstundes som vi ser på løysingar som er ein del av det grøne skiftet. Framover vil vi truleg ha fleire oppdrag med å montere solcellepanel og å legge tak, fortel medeigar Johnny Husevåg.

No jobbar dei også aktivt med å oppgradere bedriften og forberede for neste generasjon.

  • Det er det viktig for oss at vi har eit godt arbeidsmiljø. No har vi oppgradert lokalene våre slik at det er tidsriktig og ein kjekk plass å vere, fortel Svoren.

Eit heldig yrke

  • Det er kanskje ikkje så mange som veit kva ein blikkenslager er, seier Svoren.

I Isovent driv dei med både ventilasjon og teknisk isolering. Ventilasjon for både bolig, industri og marine markedet. Teknisk isolering er innenfor industri og maritim næring. I tillegg tek dei seg av takrenner, beslag og pipekledning, typiske blikkenslagertjenester.

Måløy Vekst fekk ei omvisning i verkstaden til Isovent.

Nokre prosjekt dei har jobba med no er Holvik barnehage, dei nyoppussa kontora til Coast Seafood, Lefdal Mine Datacenter, Gjerdane barnehage, Måløy Kompetanse Hub og Pelagia.

  • Det er eit heldig yrke. Det er ein stor ettermarknad på fleire områder.

For å bli blikkenslager kan ein gå fleire vegar i utdanningsløpet. Til dømes kan ein verte lærling innen faget etter å ha gått bygg- og anleggsfag eller klima, energi og miljø på vidaregåande skule.