Laster Arrangementer

8. februar 12:30 13:30

 Velkomen til opent informasjonsmøte Digitalt på teams 

FORREGION Vestland inviterer:

Vi lanserer ny versjon av FORREGION Vestland med fleire midlar til næringsretta forsking. 

Meld deg på ved å sende e post til forsking@vlfk.no innan onsdag 07. februar så får du tilsendt lenke til møtet.

Ettersom Regionale forskingsfond er avvikla vil FORREGION Vestland styrke satsinga på næringsretta forsking med 6 millionar kroner til FoU – forprosjekt, ordninga «forskar til låns» , hospitering i forskingsmiljø og støtte til FoU-møte . Målgruppe for ordninga er bedrifter som ikkje tidlegare har vore ansvarleg for større forskingsprosjekt. Det er krav om samarbeide med FoU-organisasjon. 

Tilbodet om kompetansemekling er også forsterka som ei gratis rådgiving for bedrifter. 

På lanseringsmøte blir det informasjon om støtteordningane og korleis de kan søkje. Det blir også ope for spørsmål og kommentarar. 

Vestland har eit næringsliv med sterk oljeavhengigheit. Vi har ein maritim tradisjon og mykje kompetanse innan heile feltet av havnæringar. Vi har eit landbruk særleg utsett for klimaendringar. Vi har sterke industritradisjonar der det er potensial og behov for meir berekraftig omstilling. 

Prosjekt med støtte frå FORREGION må bidra til berekraftig verdiskaping, grøn konkurransekraft eller klimaomstilling i Vestland fylke. 

Vi treng ny kunnskap for å løyse utfordringane vi står ovanfor. 

+47 904 18 311

Vis Arrangør nettside