Laster Arrangementer

2. mai 18:30 20:00

Eit forslag til ny tidsbodsstruktur for dei vidaregåande skulane i Vestland er no ute på høyring. I forslaget er både studiesepsialisering, TAF/YSK-linjene og restaurant- og matfag foreslått kutta ved Måløy vidaregåande skule. Ungt Nettverk Måløy ønskjer å sende inn eit høyringsinnspel for å påvirke fylkespolitikarane til å revurdere kutta som er foreslått ved skulen i Måløy. Vi inviterer difor til eit innspelsmøte som startar med orienteringar om innhaldet i forslaget, status for Måløy vgs. og innspel frå næringslivet. Deretter jobbar vi i grupper for å komme med innspel og argument som kan takast med i høyringsinnspelet frå Ungt Nettverk Måløy.

Gate 1 Nr 80
Måløy, 6700
90418311

+47 904 18 311

Vis Arrangør nettside