Eit tilfeldig møte mellom studenten og Måløy Vekst gjorde at ønsket om å komme seg ut på merdkanten vart oppfylt.
Isak Brønstad er 24 år gammal og kjem frå Klæbu rett sør for Trondheim. Til vanleg er han masterstudent i Akvakultur ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet(NMBU), men i januar månad held han til på Stadlandet og jobbar med torskeoppdrett i selskapet Statt Torsk. Det var berre tilfeldigheiter som gjorde at Isak skulle hamne der.
“Det var rett og slett litt flaks at eg møtte på Randi i Måløy Vekst”, seier 24-åringen.
Dagleg leiar i Måløy Vekst, Randi Humborstad, deltok på ein karrieredag ved NMBU, kor ho kom i kontakt med studenten. Isak fortalde då at han kunne tenke seg å komme seg ut på merdkanten i eit internship for å lære meir om det praktiske i oppdrettsnæringa. Randi sette så Isak i kontakt med Statt Torsk som gledeleg tok han i mot.
“Det ordna seg eigentleg i løpet av berre eit par dagar”, fortel Isak.
Legg til rette for utplassering gjennom studentprosjektet
Gjennom Måløy Vekst sitt studentprosjekt legg vi til rette for utplassering av studentar under høgare utdanning i næringslivet i Måløy og regionen. Regionen definerer vi som Stad, Kinn og Bremanger kommune. Måløy Vekst har stor tru på at utplassering av studentar i lokalt og regionalt næringsliv vil gje ein positiv effekt både for studentane, utdanningsinstitusjonane, næringslivet og den regionale utviklinga.
- Les meir om studentprosjektet HER.
For Statt Torsk har slike internship stor nytte, spesielt for å knytte seg til studentar på eit tidleg tidspunkt i studieløpet, og dei kan vurdere om det kan vere potensielle framtidige arbeidstakarar.
“Det er ein fin moglegheit for bedrifta for marknadsføring og vi når ut til ei stor målgruppe. Vi får også «input» i form av ulike problemstillingar som studentane arbeidar med gjennom sine studiar. Ein vinn- vinn situasjon for alle partar”, seier Anja Stokseth Rætta, HR-leiar i Statt Torsk.
“For oss har Isak vore eit positivt tilskot til arbeidsgjengen vår, og vi ønsker han gjerne velkommen som sommarvikar”, legg ho til.
Isak jobbar på Statt Torsk sin lokasjon på Stokkeneset på Stadlandet. Her har driftsteknikarane ansvar for fisken, service på flåten og båten og generelt vedlikehald.
“Eg synest det er veldig lærerikt, og det er veldig greitt å få utøve i praksis det ein lærer i teori”, meiner han.
Han rosar også av kollegaane som tillet at han kan lære av å prøve og feile.