PRESSEMELDING: Måløy Vekst vil marknadsføre dei positive historiane frå kysten

Måløy Vekst vil marknadsføre dei positive historiane frå kysten

Utviklingsselskapet Måløy Vekst ber no både bedrifter, organisasjonar og kommunar langs kysten om å ta kontakt med dei om positive historier frå kvardagen. Dei ynskjer nemleg å marknadsføre det som skjer av utvikling, innovasjon, tilbod og kvardagsliv i det dei sjølv omtalar som framtidas verdiskapingsregion.

– Langs kysten finst det hundrevis av historier om bedrifter og grunderar som lykkast, om nyskapingar, om idear som vert verkelege, om verdiskaping og om nye arbeidsplassar i framtidas næringar. I tillegg finst det ytterlegare tusenvis av historier om menneska som bur her, enten dei har budd her heile livet eller har flytta hit. Historier om draumejobben, om draumehuset, eller draumelivet i havgapet. Vi som bur her kjenner mange av desse historiane, no er det på tide at resten av verda får høyre om dei og, fortel ansvarleg for prosjektet i Måløy Vekst, Anette B. Jahre

I følge ei pressemelding frå selskapet, så spelar det ingen rolle om historiane er frå Måløy, Florø, Selje, eller andre stader langs vestlandskysten. – Måløy Vekst arbeider heile tida med tiltak for å skape ein meir attraktiv kystregion, med vekst i folketal og verdiskaping i næringslivet. For oss handlar dette prosjektet om å etablere ei merkevare for kysten som den mest innovative og framtidsretta regionen vi har i Norge, og samstundes syne fram at alle kan skape seg si eiga draumeframtid på kysten, seier dagleg leiar i Måløy Vekst, Randi Humborstad.

Måløy Vekst har no rigga seg med fleire tilsette for å kunne prioritere marknadsføring og omdømmebygging, og utviklingsselskapet tel no 4 tilsette.

– Det er viktig for våre aksjonærar at vi bruker tid på omdømmebygging og bulyst. Om næringslivet skal fortsette å utvikle seg og vekse, så treng vi at fleire får opp augene for alle mulighetane som er her, og velger å flytte hit. I tillegg er det viktig at fleire bedrifter og næringsaktørar ser potensialet i å investere og etablere seg i framtidas vekstnæringar langs kysten, seier Humborstad.

Det er langs kysten vi no ser ei voldsom oppblomstring av innovasjon og skaparkraft innan marin og maritim sektor, innan prosessindustri og råstoff foredling, innan teknologi og kommunikasjon, innan transport og energi og innan turisme og opplevingar. Ein er no i starten av å legge til rette for framtidas arbeidsplassar og verdiskaping basert på dei naturgitte føresetnadane vi har på kysten. Til tross for at alt dette skjer rett utanfor stovedøra vår, så meiner Måløy Vekst at dei fleste av oss berre får med seg ein liten brøkdel av alt det fantastiske og positive som skjer. Og jo lenger vekk ein kjem, jo mindre får ein med seg. – Sjølv om enkelte bedrifter er flinke til å kommunisere om kva dei held på med, så er ikkje dette ei kjerneoppgåve som næringslivet nødvendigvis skal trenge og bruke mykje tid og ressursar på. Vår oppgåve er å fortelle om kva som skjer i næringslivet, og spreie bodskapen om alle dei mulighetene og tilboda ein finn i kystsamfunna, seier Jahre

Ein finn alle dei urbane kvalitetane ein kan ynskje seg i småbyane og tettstadane langs kysten. Samstundes er det fullt muleg å bu både sentrumsnært og landleg om ein ynskjer det, og likevel ha tilgang på alt ein måtte ha behov for av varer, tenester, fritidstilbod eller rekreasjon i nærleiken. Livet langs kysten er draumelivet for svært mange, dei veit berre ikkje om at mulighetene er der, meiner utviklingsselskapet

Måløy Vekst har allereie starta med å publisere nokre av historiane dei har samla inn på nettsidene sine og i sosiale media. Framover vil det bli mange fleire, og kanskje på fleire plattformer. – Førebels har vi begynt å samle inn og publisere historier skriftleg, men etterkvart vil vi og utvide med videoar i forskjellige format. Video er ganske kostbart om ein skal gjere det skikkelig, men effekten er desto større. Vi bruker ein del tid, og legg ned mykje arbeid med kvar enkelt historie, slik at den historia og menneska kjem fram på ein god måte, dette er tid som dei fleste små og mellomstore bedrifter ikkje har i ein hektisk kvardag, avsluttar Anette B. Jahre.

Les om Camilla Blålid og si historie her.

Les om Sindre Refvik og hans historie her.